Hopp til innhold
 Buxblom. Foto: Tuinieren, flickr.com
Buxblom. Foto: Tuinieren, flickr.com
X
Innhald

Buksblom

Buksbom (latin Buxus), eviggrøne buskar eller små tre i buksbomfamilien. Planta har motsette, små, heilranda og oftast ovale blad. Mange små, gulgrøne og velluktande blomstrar sit i små hovud. Buksbom toler sterk skjering. I Noreg er vanleg buksbom, B. sempervirens, mest planta. Den harde veden blir brukt til finare treskjerararbeid, blåseinstrument og meir.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012