Hopp til innhold
Foto: Hermann Falkner, Flickr.com CC-BY
Foto: Hermann Falkner, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Bulmeurt

Bulmeurt (latin Hyoscyamus niger) eller villrot, meterhøg, illeluktande urt i søtvierfamilien. Ho er eitt- eller toårig og har flika, kjertelhåra blad samt gulgrå blomstrar og ein krukkeforma lokkapsel med mange tusen frø.
Arten veks som ugrasplante nord til Helgøy i Troms. Han er ei gammal trolldomsplante og medisinplante. Blada og rota inneheld mellom anna det sterkt giftige alkaloidet hyoscyamin, og frøa inneheld i tillegg skopolamin, som ofte blir brukt saman med morfin ved større operasjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013