Hopp til innhold
 Bygg. Foto: Matt Lavin, flickr.com
Bygg. Foto: Matt Lavin, flickr.com
X
Innhald

Bygg

Bygg (latin Hordeum), slekt i grasfamilien med om lag 20 artar. Plantene har sitjande, einblomstra småaks i knippe på tre og tre, oftast i to rader på aksstilkane. Inneragna har ei lang og oftast ru snerp. Som prydgras plantar ein av og til silkebygg, H. jubatum.
 
Av dei dyrka sortane har ein vanleg bygg eller seksradsbygg, H. vulgare, som i Noreg blir dyrka nord til Malangen. Toradsbygg, H. distichum, gir mellom anna korn til ølbrygging. Bygg har vore brukt som matkorn i minst 6000 år.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012