Hopp til innhold
 Clematis. Foto: Gertrud K, flickr.com
Clematis. Foto: Gertrud K, flickr.com
X
Innhald

Clematis

Clematis, svært artsrik slekt i soleiefamilien med staudar, halvbuskar og klatrande buskar. Plantene har motsette, finna eller tredelte blad med bladstilk som slyngjer seg i spiral om andre planter eller gjenstandar. Blomstrane har open, brei klokkeform, sit enkeltvis eller fleire saman, og storleiken varierer frå 2 til 15 cm. Slekta har om lag 250 artar og eit stort tal hybridar, dei fleste lite hardføre. Sibirranke veks vilt i Gudbrandsdalen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012