Hopp til innhold
 Coleus, foto: Ann Stretton, flickr.com
Coleus, foto: Ann Stretton, flickr.com
X
Innhald

Coleus

Coleus, tropisk slekt i leppeblomsterfamilien med 150 artar i Afrika og Asia. Som nytteplante dyrkar ein C. tuberosus, som har etande knollar. Som stoveplanter brukar ein ulike kryssingar under namna praktspragle, C. x hybridus. Blada har form som brennesleblad og har sterke sjatteringar med raude, gule, brune, grøne og kvite fargar. Blomstrane er små, blåfiolette og lite dekorative.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2012
Sist oppdatert: 20.12.2012