Hopp til innhold

Guldå. Foto: Jürgen Mangelsdorf, flickr.com
Guldå. Foto: Jürgen Mangelsdorf, flickr.com
X
Innhald

 (latin Galeopsis), slekt med eittårige ugrasplanter i leppeblomsterfamilien. Artane har stivhåra stenglar med tjukke blad og blomstrar i kransar. Begeret har spisse tenner og krona har heil overleppe og tredelt underleppe.
 
Av ti artar veks fem av dei vilt i Noreg. Mest vanleg er kvassdå, G. tetrahit, med raudleg krone, og guldå, G. speciosa, med gul krone og fiolett midtflik på underleppa. Dei andre artane er vrangdå, dundå og smaldå.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013