Hopp til innhold
 Daddelpalme. Foto: Bambo, flickr.com
Daddelpalme. Foto: Bambo, flickr.com
X
Innhald

Daddelpalmar

Daddelpalmar (latin Phoenix), slekt i palmefamilien med opptil 20 m høge tre med fjørdelte blad som ei krone i toppen av stammen. Blomsterstandane er opptil 1 m lange. Fruktene, dadlar, ser ut som steinfrukter, men er gule eller raude bær med berre eitt frø. Fruktkjøtet inneheld opptil 70 % sukker.
Den eigentlege daddelpalmen, P. dactylifera, det viktigaste treet i oasane i Nord-Afrika, har vore dyrka i fleire tusen år. Desse ber opptil 100 kg frukt i året. Unge bladskot blir dessutan brukte som kål, og av stammesafta lagar ein palmevin. Stammen sjølv gir bygningsmateriale, og av bladtrevlane lagar ein tauverk. Fleire artar blir dyrka som prydplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2012
Sist oppdatert: 20.12.2012