Hopp til innhold
 Doronicum, foto: Sergiy Tkachenko, flickr.com
Doronicum, foto: Sergiy Tkachenko, flickr.com
X
Innhald

Doronicum

Doronicum eller gullkorg, fleirårig slekt i korgblomsterfamilien med langstilka grunnblad og skruestilt, stengelomfattande stengelblad. Artane har gule korger på lange stilkar, og dei er viktige rabattplanter som blomstrar tidleg og rikt. Gullkorger trivst både i sol og halvskugge. Dei er hardføre, og ein kan plante dei over heile landet. Vanlegast er smågullkorg, D. orientale, og storgullkorg, D. plantagineum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 21.12.2012