Hopp til innhold
X
Innhald

Drakehovud

Drakehovud (latin Dracocephalum), slekt med eitt- eller fleirårige planter i leppeblomsterfamilien. Krona har kvelva overleppe og tolappa underleppe. Fleire artar blir dyrka som hageplanter, særleg i fjellhagar, til dømes tyrkardrakehovud, D. moldanica, som har blå eller kvite blomstrar i spreidde kransar. D. ruyschiana, den einaste viltveksande arten i Noreg, er kjend frå Borre og Jeløya til Dovre. Blomstrane er mørkeblå, og det er seks av dei i kvar krans. Kransane er samla i ein aksforma klase.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013