Hopp til innhold
 Typha latifolia, foto: Amandej Trnkoczy, flickr.com
Typha latifolia, foto: Amandej Trnkoczy, flickr.com
X
Innhald

Dunkjevle

Dunkjevle (latin Typha), fleirårige sumpplanter i dunkjevlefamilien. Plantene har tjukk, vassrett jordstengel og lange, jambreie blad. Dei einkjønna blomstrane sit i kjevleforma aks, med hannblomstrane øvst. Kjevlet er først grønt og seinare brunt. To artar veks vilt i Noreg: brei dunkjevle, T. latifolia, med 2 cm breie blad, og smal dunkjevle, T. angustifolia, med 1 cm breie blad. Begge artane er vanlege over store delar av Sør-Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 21.12.2012