Hopp til innhold
X
Innhald

Durra

Durra (latin Sorghum vulgare), eittårig grasart som er eit viktig kornslag i varme land. Opphavleg vart durraen dyrka i Afrika og Sør-Asia, men i dag plantar ein han også i Amerika og Sør-Europa. Planta har ein riktblomstrande topp med korn som er noko mindre enn kveitekorn.
 
Varietetar som blir dyrka er vanleg durra, var. vulgare, sukkerdurra, var. saccharina, nikkedurra, var. cernuus, og kvastdurra, var. technicum. I Noreg brukar ein durragrøpp som kraftfôr, mest til griser.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 21.12.2012