Hopp til innhold
X
Innhald

Dvergpalme

Dvergpalme (latin Chamaerops humilis), den einaste palmearten som veks vilt i Europa. Han blir berre 1 m høg, men har tjukk og kraftig stamme. Blada er blågrøne, vifteforma og flika til midten. Bladfibrane blir brukte til produksjon av papir og til vegetabilsk krøllhår som ein nyttar i møbelindustrien. Dvergpalmen blir dyrka som stoveplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013