Hopp til innhold

 Åkerdylle. Foto: Frank Mayfield, flickr.com
Åkerdylle. Foto: Frank Mayfield, flickr.com
X
Innhald

Dylle

Dylle (latin Sonchus), slekt i korgblomsterfamilien med store planter. Dei har hol stengel, blanke, stengelomfattande blad og gule korger i halvskjerm. Slekta omfattar 50 artar, og nokre av dei er treaktige. Noreg har fem artar som veks vilt, oftast som ugras i åkrar. Vanlegast er åkerdylle, S. arvensis, som finst over heile landet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013