Hopp til innhold

 Orkidé. Foto: aussiegal, flickr.com
Orkidé. Foto: aussiegal, flickr.com
X
Innhald

Einfrøblading

Einfrøblading (latin Liliatae, tidlegare Monocotyledoneae), den eine av dei to klassane som gruppa dekkfrøa blomsterplanter omfattar. Artane er kjenneteikna ved at frøet spirer med berre eitt frøblad. Frørota døyr tidleg og blir erstatta av talrike, trevlforma adventivrøter (birøter) utan sekundær tilvekst til tjukna.
Einfrøbladingane er for det meste urteaktige planter (unnateke palmane) med ugreina stengel og heilranda blad som er boge- eller likenerva. Blomstrane er 3-talsblomstrar, og frukttypen er kapsel, nøtt, bær eller steinfrukt. Klassen omfattar om lag 50 familiar med om lag 50 000 artar. Kjende familiar er grasfamilien, liljefamilien, marihandfamilien (orkidear) og storrfamilien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013