Hopp til innhold
X
Innhald

Endiv

Endiv (latin Cichorium endivia), meterhøg kulturplante i korgblomsterfamilien. Ho har tanna eller krusete blad og blå blomstrar. Ulike varietetar blir dyrka som salat og omsette under namn som krusa endiv, batavisk salat og eskariolsalat. Desse har skarpare smak enn vanleg salat.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013