Hopp til innhold
 Storengkall, foto: ekenitr, flickr.com
Storengkall, foto: ekenitr, flickr.com
X
Innhald

Engkall

Engkall (latin Rhinanthus), slekt med 50 artar i maskeblomsterfamilien. Dei er eittårige planter med gule blomstrar og oppblåse beger. Kapselen er rund og flat med runde, flate frø. Artane er halvsnyltarar, det vil seie at dei ernærer seg delvis ved å snylte på røtene til andre planter, særleg grasartar.
 
Noreg har to artar: storengkall, R. angustifolius, og småengkall, R. minor.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2013
Sist oppdatert: 09.01.2013