Hopp til innhold
X
Innhald

Erteblomsterfamilien

Erteblomsterfamilien (latin Fabaceae, tidlegare Leguminosae eller Papilionaceae), ein av dei største plantefamiliane. Han omfattar om lag 12 000 artar av urter, buskar, tre og lianar som er fordelte på 500 slekter. 20 av slektene har artar i Noreg.
Dei fleste artane har finna eller kopla blad med akselblad og einsymmetriske (zygomorfe) blomstrar med fem sammenvaksne, spisse begerblad og fem delvis frie kronblad. Eitt av kronblada, fana, er større enn dei andre og fritt opprettståande. På kvar side sit det to mindre kronblad, vengjene. Dei to nedste (og inste) kronblada er samanvaksne mot spissen og blir kalla båten eller kjølen. Denne vernar dei ti pollenberarane og fruktemnet. Blomstrane blir pollinerte av insekt. Frukta blir kalla belg, og ho er ein einromma kapsel som blir danna av eitt fruktblad.
Mange artar er viktige pryd- og nytteplanter, som til dømes erter, bønnevikke, bønner, kløver, soya, lusern og jordnøtt blant nytteplantene, og blomeert, gullregn, lupin og ertebusk blant prydplantene. Røtene har små knollar med belgplantebakteriar som fikserer nitrogen direkte frå lufta, for så å overføre dette til vertsplanta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013