Hopp til innhold
 Sukkererter. Foto: Ann-Sophie Ofrim, flickr.com
Sukkererter. Foto: Ann-Sophie Ofrim, flickr.com
X
Innhald

Erter

Erter (latin Pisum), slekt i erteblomsterfamilien med få ville artar, men ei rekkje dyrka varietetar og sortar. Dei har svak stengel og likefinna blad der endefinnen er omdanna til ein klatretråd. Ertene er gamle kulturplanter.
Hageerter, P. sativum, har kvite blomstrar og gule eller grøne frø i belgen. Sukkererter har runde frø, og både belgene og frøa blir brukte som unge. Ein nyttar ikkje belgene på pillerter (som har runde frø) og margerter (som har rynkete og søte frø). Det er margerter som er mest brukte til konservering. Andre sortar er brytsukkererter og brytmargerter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.01.2013
Sist oppdatert: 10.01.2013