Hopp til innhold
X
Innhald

Evjeblom

Evjeblom (latin Elatine), slekt i evjeblomsterfamilien med 1–2 cm høge, urteaktige vassplanter med krypande stenglar. Blomstrane er ørsmå og lyseraude eller kvite. Frøa er berre 0,5 mm lange. I Noreg finst det tre artar som veks vilt: krossevjeblom, trefeltevjeblom og stilkevjeblom, alle sjeldsynte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.01.2013
Sist oppdatert: 10.01.2013