Hopp til innhold
 Faks. Foto: Matt Lavin, flickr.com
Faks. Foto: Matt Lavin, flickr.com
X
Innhald

Faks

Faks (planteslekt) (latin Bromus), slekt i grasfamilien med 50 artar. 20 av dei veks vilt i Noreg. Plantene har ein klaseforma blomsterstand med store småaks og bladslirer som er røyrforma og samanvaksne nedantil. Fleire av artane blir brukte som hageplanter.
 
Mellom artane som veks vilt i Noreg finn ein til dømes skogfaks, sandfaks, takfaks, lodnefaks, rugfaks og bladfaks.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.01.2013
Sist oppdatert: 10.01.2013