Hopp til innhold
 Finnmarkpors. Foto: Kari Pihlaviita, flickr.com
Finnmarkpors. Foto: Kari Pihlaviita, flickr.com
X
Innhald

Finnmarkspors

Finnmarksporsen har gitt namn til Porsanger i Finnmark.

Finnmarkspors (latin Ledum palustre), inntil 1 m høg busk i lyngfamilien. Han er rikt forgreina med lêraktige, lansettforma blad og med rustraud filt på unge greiner og undersidene av blada. Blomstrane er kvite og sit i skjermar. Heile planta har ei krydderaktig lukt som kjem av eteriske oljar, mellom anna ledol.
Inntak av finnmarkspors kan i store dosar føre til ei form for rus, krampe og lamming. Arten er ei gammal legeplante, og han har vore brukt mot utøy og som smakstilsetjing til øl. Planta er sjeldsynt på myrar langs svenskegrensa frå Halden til Trysil, men svært vanleg på myr i Finnmark. Finnmarksporsen har elles gitt namn til Porsanger i Finnmark.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.01.2013
Sist oppdatert: 18.01.2013