Hopp til innhold
 Fjellfiol. Foto: Ole Husby, flickr.com
Fjellfiol. Foto: Ole Husby, flickr.com
X
Innhald

Fiol

Fiol (latin Viola), slekt i fiolfamilien med om lag 500 artar. Dei fleste er urter, men nokre er buskar og småtre. Artane er utbreidde over heile jorda.
 
 Dei 15 artane i Noreg er små eller mellomstore urter, og dei fleste er fleirårige med kraftige jordstenglar, som engfiol, V. canina, skogfiol, V. riviniana, myrfiol, V. palustris, og ugrasplanter som stemorsblom, V. tricolor, og åkerstemorsblom, V. arvensis. Dei fleste fiolane har blå blomstrar, men i fjellet opptrer fjellfiol, V. bicolor, med gule blomstrar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.01.2013
Sist oppdatert: 14.01.2013