Hopp til innhold
Foto: Udo Schmidt, Flickr.com CC-BY
Foto: Udo Schmidt, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Fredlaus

Fredlaus (latin Lysimachia), planteslekt i nøkleblomsterfamilien. Vanleg fredlaus, L. vulgaris, blir 1,5 m høg, har greinete stenglar med oftast kransstilte blad og gule blomstrar i klasar i greinspissane. Planta kan brukast til gulfarging. Ho veks gjerne ved vatn og er vanleg i Sør-Noreg, men går nord til Overhalla.
Krypfredlaus, L. nummularia, har stenglar som slår rot, små, runde blad og store, gule blomstrar. Fagerfredlaus, L. punctata, er mykje brukt som hageplante på grunn av langvarig blomstringstid med store gule blomstrar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013