Hopp til innhold
 Luzula. Foto: Anne Tanne, flickr.com
Luzula. Foto: Anne Tanne, flickr.com
X
Innhald

Frytle

Frytle (latin Luzula), planteslekt i sivfamilien med 15 artar i Noreg, der fleire av dei er typiske fjellplanter. Blomstrane er små og temmeleg usjålege med brune blomsterdekkblad. Dei blir pollinerte med vind, og frukta er ein kapsel med tre frø som er tilpassa maurspreiing, til dømes hos den vanlegaste arten, hårfrytle, L. pilosa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.01.2013
Sist oppdatert: 14.01.2013