Hopp til innhold
X
Innhald

Geitved

Geitved (latin Rhamnus catharticus), 4 m høg busk eller lite tre i trollheggfamilien med kraftig, ofte krokete stamme. Blada har bogeforma nervatur, og langskota endar i ein skarp torn. Geitved er ei særbuplante, noko som vil seie at hannblomstrane og hoblomstrane sit på ulike individ. Frukta er kulerund og skinande svart, og ho har vore brukt til utvinning av grøne, raude og gule fargestoff. Også barken gir fargestoff. Veden kan ein bruke til finare snikkararbeid.
 
Arten er giftig, og han er utbreidd på Austlandet frå Fjære til Brandbu.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.01.2013
Sist oppdatert: 15.01.2013