Hopp til innhold
 Foto: lanonnaeli, flickr.com
Foto: lanonnaeli, flickr.com
X
Innhald

Gladiolus

Gladiolus (latin ’lite sverd’) eller sabellilje, planteslekt i sverdfamilien med om lag 300 artar i Sør- og Søraust-Afrika og middelhavslanda. Kulturformer av gladiolus blir dyrka ein del som prydplanter i Noreg, og mest vanleg er den 1 m høge G. gandavensis i fleire blomsterfargar. Arten formeirar seg ved knollar som må takast opp om hausten og lagrast tørt og frostfritt over vinteren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.01.2013
Sist oppdatert: 15.01.2013