Hopp til innhold
X
Innhald

Gullregn

Gullregn (latin Laburnum), planteslekt i erteblomsterfamilien med buskar eller små tre. Dei har hengjande greiner, trekopla blad og gule blomstrar i lange, hengjande klasar. Prydbuskane vanleg gullregn, L. anagyroides, og alpegullregn, L. alpinum, utviklar belger med giftige frø, men det gjer ikkje hybriden hagegullregn, L. x watereri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013