Hopp til innhold
 Hagtorn. Foto: Anne Tanne, flickr.com
Hagtorn. Foto: Anne Tanne, flickr.com
X
Innhald

Hagtorn

Hagtorn (latin Crataegus), slekt med store buskar eller små tre i rosefamilien. Dei er tornete planter med lappete eller flikete blad og kvite eller raude blomstrar i halvskjerm. Frukta er raudfarga og epleliknande. Slekta har om lag 200 artar, og tre av desse veks vilt i Sør-Noreg: vanleg hagtorn, C. monogyna, begerhagtorn, C. curvisepala, og korallhagtorn, C. calycina.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2013
Sist oppdatert: 17.01.2013