Hopp til innhold
 Hassel. Foto: Klasse im garten, flickr.com
Hassel. Foto: Klasse im garten, flickr.com
X
Innhald

Hassel

Hassel (latin Corylus avellana), opptil 8 m høg busk i hasselfamilien. Blada minner om almeblad, men har kjertelhår på bladstilken. Blomsterstanden er ein rakle, og frukta ei nøtt som er omgitt av ein hams. Hassel er ei skuggeplante som krev god jord. I Noreg er ho vanlegast langs kysten nord til Steigen. Fossile funn viser at hassel dekte store delar av Skandinavia under varmetida for 2500 til 8500 år sidan.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2013
Sist oppdatert: 17.01.2013