Hopp til innhold
 Hasselurt. Foto: Amadej Trnkoczy, flickr.com
Hasselurt. Foto: Amadej Trnkoczy, flickr.com
X
Innhald

Hasselurt

Hasselurt (latin Asarum europaeum), 10 cm høg urt i holurtfamilien med krypande stengel og nyreforma, eviggrøne blad. Dei purpurbrune, klokkeforma blomstrane er usjålege og dekte av blada. Hasselurt er ei skogbotnplante, og ho er funnen forvilla i Noreg på moldrik jord. Elles er ho dyrka som dekkplante under tre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2013
Sist oppdatert: 17.01.2013