Hopp til innhold
  Hibiscus. Foto: Sergio Buratto, flickr.com
Hibiscus. Foto: Sergio Buratto, flickr.com
X
Innhald

Hibiscus

Hibiscus, planteslekt i kattostfamilien som omfattar om lag 300 tropiske og europeiske urter, buskar og tre. Mange blir dyrka som prydplanter på grunn av dei store gule eller raude og enkle eller fylte blomstrane. Eittårige artar er dyrkbare på friland i Sør-Noreg. Som stoveplante dyrkar ein i Noreg hawaiirose eller kinahibisk, H. rosa-sinensis.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2013
Sist oppdatert: 17.01.2013