Hopp til innhold
 Humle. Foto: Jon Sullivan, flickr.com
Humle. Foto: Jon Sullivan, flickr.com
X
Innhald

Humle

Humle (planteart) (latin Humulus lupulus), fleirårig slyngplante i hampefamilien som klatrar i tre og buskar. Arten har motsette, handflika blad og hoblomstrar i gule, kongleliknande blomsterstandar. Fruktemna får gule frø med bitterstoffet lupulin. Humle vart tidlegare dyrka (i Noreg frå om lag 1100), og i dag blir han brukt til krydring av øl. Arten finst forvilla til Nordland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2013
Sist oppdatert: 17.01.2013