Hopp til innhold
X
Innhald

Ibenholt

Ibenholt (av latin ebenus og lågtysk ebenholt, ’barlind’), haldbar kjerneved av fleire tropiske treslag i ibenholtfamilien. Fargen varierer (brun, raud, blå, svart), og den mørkaste er rekna for å vere den beste. Ibenholten er hard og jamn ved utan markerte årringar, og han er tyngre enn vatn. Ekte ibenholt får ein av artar i slekta Diospyros, i India, Sri Lanka, Vest-Afrika og Amerika.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2013
Sist oppdatert: 23.01.2013