Hopp til innhold

 Jødeblom. Foto: Mauricio Mercadante, flickr.com
Jødeblom. Foto: Mauricio Mercadante, flickr.com
X
Innhald

Jødeblom

Jødeblom (latin Tradescantia), slekt med 30 artar som høyrer heime i tropisk Amerika. Stengelen er oftast krypande, slyngjande eller hengjande. Vandrejøde, T. albiflora, er ei vanleg dyrka stoveplante i Noreg. Ho blomstrar sjeldan, men har kvite blomstrar som sit i toppen av planta.
 
Hageplanta blomsterjøde, T. x andersoniana, ei kryssing mellom fleire artar, blir 50–70 cm høg, har lansettforma blad og blåfiolette, rosa eller kvite blomstrar i klasar i bladhjørna.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013