Johannesbrødtre er eit tre i erteblomfamilien som til vanleg blir dyrka i middelhavslanda. Treet kan bli opptil 10 meter høgt, og det har lêraktige, vintergrøne blad, lange blomeklasar og 20 centimeter lange, lêraktige frukter (belger) med 12–16 ertestore frø.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Ceratonia siliqua
- Beskriven av
- Carl von Linné
- Årleg global produksjon
- 51 900 tonn (2021)
Frukta blir kalla johannesbrød og inneheld cirka 50 prosent sukker og noko garvesyre og smørsyre. Sukkeret blir først danna etter at dei umodne fruktene har vore tørka ei stund i sola.
Uekte johannesbrødtre er det indiske treet Cassia fistula som tilhøyrer den same familien.
Namnet er etter døyparen Johannes, som skal ha hatt belgene som einaste føde ved opphaldet sitt i ørkenen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.