Hopp til innhold
X
Innhald

Jonsokblom

Jonsokblom (latin Lychnis, tidlegare Melandrium) eller praktstjerne, slekt i nellikfamilien med fleirårige urter. Dei har motsette blad og eit stort, samblada og oppblåse beger. Fem artar veks vilt i Noreg, mellom anna raud jonsokblom, L. rubrum, og kvit jonsokblom, L. album.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013