Hopp til innhold
 Markjordbær, foto: Ole Husby, flickr.com
Markjordbær, foto: Ole Husby, flickr.com
X
Innhald

Jordbær

Jordbær (latin Fragaria), slekt i rosefamilien med fleirårige planter med trekopla blad. Dei formeirar seg hovudsakleg ved overjordiske utløparar. Fruktene er smånøtter som sit på ein oppsvulma, saftig blomsterbotn – såkalla falsk frukt.
 
Det finst to viltveksande artar i Noreg, markjordbær, F. vesca, som er vanleg i heile landet, og nakkebær, F. viridis, som veks på kalkgrunn på Austlandet. Kulturformene, hagejordbær, omfattar ei rekkje kryssingar som alle er mindre enn 100 år gamle.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013