Hopp til innhold

 Jordnøtt. Foto: Phuong Tran, flickr.com
Jordnøtt. Foto: Phuong Tran, flickr.com
X
Innhald

Jordnøtt (erteblomstfamilien)

Jordnøtt, (latin Arachis hypogaea), 50 cm høg, eittårig, tropisk plante i erteblomsterfamilien. Øvst sit det gule, sterile blomstrar, og nedst i bladhjørna ein spesiell type blomstrar som aldri opnar seg (kleistogame blomstrar), men sjølvpollinerer seg.
 
Etter blomstring bøyer blomsterstilkane seg ned og pressar dei unge fruktene ned i jorda. Der mognar belgen med to frø som blir kalla jordnøtter eller peanøtter. Dei er rike på protein og feitt, og ein kan bruke dei til kraftfôr og oljeproduksjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013