Hopp til innhold
Foto: Isidro Martinez, Flickr.com CC-BY
Foto: Isidro Martinez, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Kalmusrot

Kalmusrot (latin Acorus calamus), meterhøg vassplante i myrkonglefamilien med tjukk jordstengel og sverdforma blad. Av jordstengelen kan ein vinne ut ein olje som er brukt i likørar og som magemedisin. Arten stammar frå Aust-Asia, men har vore planta i Noreg. Han finst forvilla nokre stader, men berre hoplanta er kjend i Norden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013