Hopp til innhold
 Kamilleblom. Foto: Gunnar Ries, flickr.com
Kamilleblom. Foto: Gunnar Ries, flickr.com
X
Innhald

Kamilleblom

Kamilleblom (latin Chamomilla recutita), 20 cm høg, eittårig urt i korgblomsterfamilien med dobbeltfinna blad og greina stengel med langstilka korger. Arten veks på dyrka mark og avfallsplassar på Austlandet, men han er også funnen i kyststroka nord til Varanger. Kamilleblom er ei gammal medisinplante, og blomstrane blir tørka og brukte til kamillete på grunn av eteriske oljar med sterk, aromatisk lukt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013