Hopp til innhold
 Karse. Foto: Noud de Greef, flickr.com
Karse. Foto: Noud de Greef, flickr.com
X
Innhald

Karse

Karse (latin Lepidium), slekt med 150 artar i krossblomsterfamilien. I Noreg veks åtte av dei vilt og fire er forvilla. Dei er 20–50 cm høge urter med små, kvite eller raudlege blomstrar i riktblomstrande klasar, og dei er mest å finne som ugras i hagar.
 
Frå gammal tid har den asiatiske matkarsen, L. sativum, vore dyrka som krydderplante. Denne er eittårig og lett å dyrke. Dei 4–5 cm høge småplantene blir brukte i matlaging.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013