Hopp til innhold
 Vanleg kattefot. Foto: Luis M., flickr.com
Vanleg kattefot. Foto: Luis M., flickr.com
X
Innhald

Kattefot

Kattefot (latin Antennaria), slekt med fleirårige, 5–10 cm høge planter i korgblomsterfamilien. Dei har små blomsterkorger med anten berre hann- eller berre hoblomstrar. I Noreg finst det fem artar, og vanleg kattefot, A. dioica, som har hannplanter med kvite blomstrar (korgdekkblad) og hoplanter med raude, er vanleg på tørr bakke over heile landet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2013
Sist oppdatert: 24.01.2013