Hopp til innhold
 Kjempe. Foto: the weed one, flickr.com
Kjempe. Foto: the weed one, flickr.com
X
Innhald

Kjempe

Kjempe (latin Plantago), slekt med fleirårige planter i kjempefamilien. Blada sit i rosett ved grunnen, og blomstrane i eit tett aks på den bladlause stengelen. I Noreg veks fem artar vilt og éin er forvilla. Mest utbreidd er groblad. På havstrand er strandkjempe, P. maritima, mest vanleg. På tørre enger og bakkar veks dunkjempe, P. media, og smalkjempe, P. lanceolata. Kjempeartane har spreidd seg med den europeiske jordbrukskulturen over heile verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 25.01.2013