Hopp til innhold

 Klinte. Foto: Isidro Martìnez, flickr.com
Klinte. Foto: Isidro Martìnez, flickr.com
X
Innhald

Klinte

Klinte (latin Agrostemma githago), 50 cm høg, eittårig plante i nellikfamilien med stiv stengel, smale blad og raudfiolette blomstrar. Planta er eit åkerugras som blir meir og meir sjeldsynt; i dag er det mest utbreidd på avfallsplassar.
Å skilje klinten frå kveiten er eit uttrykk frå ein eldre bibeltekst (Matt 13,25) som tyder å skilje det dårlege frå det gode.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 25.01.2013