Hopp til innhold
 Klosterklokke. Foto: spelio, flickr.com
Klosterklokke. Foto: spelio, flickr.com
X
Innhald

Klosterklokke

Klosterklokke (latin Leucojum vernum), fleirårig laukplante i narsissfamilien med smale blad og klokkeforma, kvite blomstrar med grønn flekk på kronblada. Ho er ei vanleg hageplante som gjerne blomstrar før snøen er gått. Klosterklokke blir ofte forveksla med snøklokke, som høyrer til slekta Galanthus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 11.04.2013