Hopp til innhold

 Kvitkløver. Foto: Anne Tanne, flickr.com
Kvitkløver. Foto: Anne Tanne, flickr.com
X
Innhald

Kløver

Kløver (latin Trifolium), slekt i erteblomsterfamilien med blomstrar samla i aks- eller hovudforma blomsterstandar. Blada er ofte trekopla med akselblad, og dette er eit familiekjenneteikn.
I Noreg finst det 11 viltveksande artar og mange kulturformer. Kvitkløver, T. repens, og alsikekløver, T. hybridum, er vanlege beiteplanter, medan raudkløver, T. pratense, er den viktigaste dyrka fôrplanta. I skogbryn finst skogkløver, T. medium, som liknar raudkløver, men har smalare småblad og sikksakkbøygd stengel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 25.01.2013