Hopp til innhold
 Fagerknoppurt. Foto: Steve Chilton, flickr.com
Fagerknoppurt. Foto: Steve Chilton, flickr.com
X
Innhald

Knoppurt

Knoppurt (latin Centaurea), slekt i korgblomsterfamilien med 600 artar, der 15 av dei finst i Noreg – dei fleste forvilla. Vanleg knoppurt, C. jacea, med raude blomstrar veks på tørre bakkar og i småskog i heile landet. Fagerknoppurt, C. scabiosa, har raudblomstra, kulerunde korger og finna blad, og ho går nord til Troms. Kornblom, C. cyanus, var tidlegare eit vanleg åkerugras. Fleire artar blir dyrka i hagar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 25.01.2013