Hopp til innhold
 Kokospalme. Foto: Wally Gobetz, flickr.com
Kokospalme. Foto: Wally Gobetz, flickr.com
X
Innhald

Kokospalme

Kokospalme (latin Cocos nucifera), vanleg palmeart i tropiske og subtropiske kystområde. Han blir opptil 30 m høg, har ein greinlaus stamme og ei krone med opptil 6 m lange blad. Den 20–30 cm lange kokosnøtta er ei hard, brun steinfrukt som er omgitt av eit tjukt, bastaktig fiberlag og eit tynt, brunaktig skal ytst.
Den kvite og feittrike frøkviten har holrom som inneheld kokosmelk. Av den tørka frøkviten, kopra, vinn ein ut olje og kokosmasse som ein nyttar i bakverk, og søtsaker og olje som ein nyttar til produksjon av såpe, margarin, lys eller feitt i fast form, kokosfeitt. Biproduktet ved kopraproduksjon, kokoskake, er eit viktig fôrmiddel. Lokalt bruker ein også andre delar av kokospalmen, mellom anna til byggjemateriale, teppe, reip og palmevin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 25.01.2013