Hopp til innhold

 Kolokvint. Foto: Isidro Martìnez, flickr.com
Kolokvint. Foto: Isidro Martìnez, flickr.com
X
Innhald

Kolokvint

Kolokvint, frukta av Citrullus colocynthis, ei plante i graskarfamilien. Denne veks vilt i middelhavslanda og Midtausten. Den kulerunde frukta minner om ein appelsin, har svampete fruktkjøt og bitter smak. Kolokvintekstrakt har sterkt avførande verknad, og frå dette har ein kolokvinter, ein dram som opphavleg var laga av kolokvint, og som vart drukken mot forstopping. Frukta er også brukt som møllmiddel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 25.01.2013