Hopp til innhold
 Kongslys. Foto: dnnya17, flickr.com
Kongslys. Foto: dnnya17, flickr.com
X
Innhald

Kongslys

Kongslys (latin Verbascum), slekt med 300 artar i maskeblomsterfamilien. Dei er høge planter med spreidde blad, aksforma blomsterstand og femflika, oftast gul krone.
Det finst to viltveksande artar i Noreg nord til Nord-Trøndelag: mørkkongslys, V. nigrum, med mørkegrøne blad som er filta på undersida, og filtkongslys, V. thapsus, med blad som er filta på begge sidene. Sistnemnde er også ei gammal medisinplante. Mange artar og sortar av kongslys blir dyrka i hagar.


Sist oppdatert: 25.01.2013